Thursday, August 07, 2008

Hyrdingstunda

Raudt lyser månen på ein disig kvelv;
i skoddedansen dormar røykdekt grunnen,
og frosken kvekkar i den grøne lunden
blant siv som voggar lint i lette skjelv.

No lukkar vatnets blomar sine blad,
langt vekk står ranke poppeltre i rekker
lik gjenferd, med den uro som dei vekker:
eldfluga flaksar imot kratt i rad.

Kattugla vaknar stille opp og ror
igjennom luft med tunge vengeslag,
og himmelen blir stum ved slokna dag.
Kvit Venus stig, no er det Natt på Jord.

(Hyrdingstunda - Paul Verlaine)

I forbindelse med at jeg fikk John Greaves sin ”Verlaine” her om dagen, lånte jeg Paul Verlaines ”Songar utan ord”, gjendikta ved Haakon Dahlen (Bokvennen 2004). Jeg forsøker jo å lese poesi av og til, og det hender jo det går bra. Hyrdingstunda var vel et sanselig og flott dikt vel? Du vil vel heller lese det på fransk?

No comments: