Tuesday, July 31, 2007

Kjøss


Denne sommeren er så kald at vi må smelle til med et par kyss i bloggen. Vi er egentlig midt i mellom disse to, siden Heikki Gröhn spanderer et vårkyss, og Gunnhild Øyehaug snakker om studentkyssing (som ikke starter før høstsemestret folkens!).

Vårens beste kjøss

Vi har eit stort parti av ovanst,
i alle fjorårets modellar:

* Regngult * Off-jugend
* Skyt-ein-snut * 4 WD
* Som-ein-sommardag * m.m.

Betre tilbod får du ikkje!
Alt skal vekk! Alt skal vekk!
Kom!

Heikki Gröhn: "Eg var ein hemmelig desperado" (J.W. Eide, 1987)


Eg vil bli lektor når eg har kyssa ferdig

Ser for meg
at om eg kyssa deg hardt nok
overlappa munnen din fullstendig
og saug alt eg kunne
så ville tunga di losne
og røskast ut
med hjartet ditt dinglande etter
i ein rykande
raud tråd

Gunnhild Øyehaug: "Slaven av blåbæret" (Samlaget, 1998)

No comments: